Hytte Trøndelag




Favorittplassen til hytteeigaren er ved spisebordet. Her har ho utsikt utover vatnet nedafor og småbruket som mor hennar vaks opp på.





Hytta har ein miks av møbler frå hytta vart bygd og nyare ting som har kome til. Hytta er ikke så stor så det er viktig at ting har sin plass og at det er godt med oppbevaring.



Det er ekstra koselig å lage god mat når ein er på hytta. Alt smakar liksom mykje bedre der. Her er oppskrift på ein veldig enkel smuldrepai som vi ofte lagar. Vi bytter på kva slags bær og frukt vi brukar etter kva vi har tilgjengeleg.
Smuldrepai
100 g smør
75 g brunt sukker
1 ts vaniljesukker
100 g kveitemel
50 g havregryn
50 g mandlar
2 epler
200 g friske eller frosne bær
Rør saman smør, sukker og vaniljesukker, til det får ein kremete konsistens. Tilset havregryn, kveitemel og hakka mandlar. Rør godt saman.
Ha epler og bær i ei smurt form og fordel smuldredeigen over.
Steikes på 200 grader i 20 – 30 min
Veldig god med vaniljeis, kesam eller vaniljesaus til.





Gode naturmaterialer som treverk, keramikk og naturtekstilar er med på å gjere hytta lun.






Gangen skal være ein hyggelig plass å komme inn til, enten du er gjest eller hyttebuar
– og på Byggje systemet i gangen kan alle ting finne sin plass. Smått og stort.








Veggpynten kan ein lage sjølv. Å ramme inn fine vekster og blomar du finn ute er veldig dekorativt og rimeleg!
